Lyd

Arkivet har ei stor samling av opptak der folk fortel, syng, stevar og spelar. Materialet er tatt opp på spoleband og kassettar. Banda tek til å bli merka av tidas tann, men er no digitalisert slik at materialet vert tatt vare på for ettertida. Samstundes vil det bli enklare å finne det materiale den enkelte ynskjer å høyre. Det står att ein del arbeid før materialet er klart.