Visste du...

... at me her kjem til å legge ut notisar frå gamal og ny tid om kommunen vår? Det kan vera fakta eller noko henta frå segn og forteljingar. Er delar av teksten merka vil lenka føre til ein stad med meir informasjon. Om du veit noko eller får greie på noko du ynskjer å dele med andre er det fint om du fortel det til oss. Me kan fortelje det vidare her. 

... at då det i 1882 skulle byggast skule i Vats vart denne bygd i ei myr?

... at 17-åringen Hans Hansen Sand på tinget på Sundre 11.10.1800 vart dømt til fleire års straffearbeid for lausgjengeri? Han hadde reist rundt i dalen og halde religiøse oppbyggelsestaler i tråd med det Hans Nilelsen Hauge sto for, i staden for å arbeide.

... at Ål husmorlag starta barnepark på Sundre sumaren 1947?

... at etter storbrannen på Sundre 1931 vart arkitekt Eindride Slåtto  hyra til å teikne det nye sentrumet. Berre kommunen og Ola Perstølen saman med Ola Opheim følgde teikningane? (H. Ulshagen: Det gamle Sundre)

... at idretten etter at 2. verdskrigen var slutt i 1945 innførte denne regelen: "Barn fram til junior-alder skal ikke konkurrere i øvelser der det er fysiske anstrengelser over tid"?

... at midt på 1800-talet vart kona til presten titulert FRUE medan kona til lensmannen vart titulert MADAM?