Velkomen til Ål Bygdearkiv


Arkivet tek vare på lokalt stoff i tekst, bilete og lyd. Her kan privatpersonar, lag og bedrifter levere stoff slik at det vert tatt vare på for ettertida.

Arkivet har også ein del tidsskrift og bøker av både eldre og nyare dato. Her finn du bygdebøker frå Hallingdal og nokre stader utanom. Ikkje noko av materialet er til utlån, men det meste kan du få lese hjå oss.

Plakatt_web

Har du noko du ynskjer å bli kvitt, la medarbeidarane i arkivet avgjere om det er interessant å ta vare på eller ikkje.  
 
Har du gitt ut eller skal du gi ut bok, hefte eller anna med lokalt stoff? Kan du vera snill og gi eit eksemplar til arkivet?

 
Me er i ei tidleg fase i etablering av denne nettstaden. Her vil det kome nytt stoff og kanskje nokre endringar jamnleg. Kom innom, og gje oss gjerne beskjed om det er noko du saknar eller om du finn feil. Nokre av sidene kan vera utan innhald, men då kjem det noko snart.