Tekomen tosdan i sjauende viku

Heime og elles i Hallingdal sa me ikkji at ein vart fødd, iallfall ikkji i mi tid, og seinare med, men at ein kom te, han el' ho kom te då og då. Jordmor det nok i bygd'n då. Ho budde på Hove i Øvre-Ål (Kristi Hove), so det var ikkji so svært langt ette'n helde. Men likevel vart ikkji ho henta når det var ein som skulde koma te. Det var alltid billigare med ei nærkjæring. Soleis kom me te på gamal vis, alle me. Det var endå ha Halldis Myking som støtt var hjå'n mor. Men då eg skulde koma te, var det sumar, og ho Halldis var på støle, og dit var det langt, radt på Mykjingstølen, so 'n far vart aleine te å ta imot meg, fortalde dei seinare, kan eg hugse.

I saman heng med dette kan eg fortelje at eg vart ført inn i kyrkjeboki og gjort ein månad og ein dag ynsgre enn eg var. I kyrkiboken var eg fødd 8. september 1878, men det skulde ha stade 7. august 1878. Då eg melde meg te upptaking på seminaret, måtte eg leggi ved dåps- og aldersattest, som eg fekk hjå prost Monrad, og denne var då i samsvar med kyrkiboken. Eg såg nok at atteste ikkji var rett, men eg var so beskjeden at eg fekk meg ikkji te å gå te proste å få'n te rette atteste. Denne galne datoen kom då inn i eksamensvitnemålet mitt, og eg laut bruke'n når eg søkte lærarposta. Men langt om lengi, ein gong eg var i Ål, gikk eg innom Prestegarden og vilde få sjå ko det virkeleg stod i kyrkiboken. Då eg hadde bore fram ærendet mitt, sa presten Pahle, som visst nok trudde meir på ktkjiboki enn på meg: "Kirkebøkene pleier nu å være pålitelige, de". Men han la då fram boki, i det han sa: "Her kan du se". Og eg måtte vedgå at det sto greitt at eg var fødd 8. september 1878, men sa ifrå at det var ikkji rettig. Han spurde då: "Hvordan vet du det"? "Jau", sa eg, "frå eg var liten, høyrde eg dei alltid sa at eg var tekomen tosdan i sjauande vikun el' åtte daga ette bufarhelgen, som er tiende helgi". "Hva er det for et utgangspunkt du har når du taler om den syvende og ellevte uke"? spurde han so. Eg måtte då sea som sant var, at dei gamle rekna tide i viku frå jønsok (24. juni), og framette. Men ette å ha prøvt meg på denne vegen, skjøna eg at eg laut slå over i eit anna språk som presten forstod bere, med di eg sa at far hadde skrivi upp namnet på uss alle unga på ei blank side i ein postill med fødselsdag og år i kronologisk orden. "Du får få din far til å gi en erklæring om at det forholder seg slik, så skal vi søke Kirkedepartementet om å få lov til å forandre kirkeboken i samsvar med en slik erklæring. Og så skal vi utstede en ny dåpsattest til deg". Eg takka og let vel, endå eg visste med meg sjøl at eg vel ikkji kom te ha bruk for nokon attest meir. Det måtte einast vera om det nokon gong skulde høve slik at det galdt å identifisere meg.
                                                                                                                                   O. R.



Kyrkjeboka er retta. Du kan sjå det her. O. R. er Ole Rimeslaatten.