Musikk
Musikk og song
Arkivet har mykje opptak. Det meste er no digitalisert, men alt er ikkje klargjort slik at de kan lytte på det her.
Her er lenke til noko av det me har av musikk med durspel, hardingfele, langeleik, lur, salmodikon og kveding.
PRESSEMELDING
Skjulte folkemusikkskattar endeleg fritt ope på nett!
Laurdag 21.januar 2017 skjer det ein liten sensasjon i lydarkivverda - på internett. Fram til no har mykje av det arkiverte lydmaterialet i lokalarkiv vore vanskeleg tilgjengeleg. Ål Bygdearkiv er no først ute med å ha digitalisert det aller meste av samlinga si og no lagt det ut fritt på internett.
Det er dagleg leiar Ola Terje Oleivsgard og folkemusikkentusiast Olav Sataslåtten som har stått for det meste av arbeidet, Ola Terje med å tilretteleggje og sjå nytten av å dele lokal historie, og Olav som på eiga fritid i løpet av nærare eitt tusen timar har digitalisert og indeksert fleire hundre timar med spoleband samt sytt for opplasting av materialet i publiseringsløysinga LoCloud.
Kjeldene som vert lagt ut på sida til Ål bygdearkiv handlar i fyrste omgang om lokale opptak av folkemusikk, pr i dag med hovudvekt på hardingfele, men også med eit fint utval av kveding og langeleik. Det totale utvalet vil auke kontinuerleg i lang tid framover, og bli fyllt opp med meir durspel og digitaliserte 78-plater. Utover dette kjem den tilveksten som Åndsverkslova gjer rom for, gjennom at opptak eldre enn 50 år kan publiserast fritt.
Dei digitaliserte lydfilene har ulikt opphav, men fellestrekket er at dei i all hovudsak kjem frå spoleband. Lars Hallingstad, tok opp både intervju og musikk på bandspelar på 1950- og -60 talet. Ål bygdearkiv har vidare fått tilgang til musikkopptak gjort av Bernhard Berg og sonen Hallgrim Berg, og tilsvarande gjort av Hans Nestegard, og digitalisert desse. Det er også materiale frå to samlingar; samlinga til Ål spel- og dansarlag og samlinga Song og spel i Hallingdal. Det var fleire hardingfelespelarar som gav ut 78-plater mellom 1920 og 1950, og ein del av desse blir digitalisert av Ingunn Stræte Lie, frå hennar samling.
Publiseringløysinga som vert nytta er LoCloud Collections. Denne er utvikla gjennom eit EU-prosjekt som har hatt som hovudfokus å gje Lokale institusjonar Cloud-basert teknologi. Mindre institusjonar, til dømes regionale og lokale arkiv og museum, er i dag framleis underrepresentert på den digitale europeiske arenaen. Prosjektet LoCloud ynskjer å handtere denne utfordringa gjennom å gje desse brukarvenlege og prisgunstige verktøy som kan auke publisering av digitale kjelder til publikum. Kjelder publiserte gjennom LoCloud skal i neste fase bli søkbare gjennom kulturarvportalen Europeana (www.europeana.eu). I Noreg er det Riksarkivet som har hatt ansvaret for å koordinere LoCloud-arbeidet. Ein kan lesa meir om LoCloud her: http://arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/Om-oss/Internasjonale-prosjekter/LoCloud
Publikum med interesse for folkemusikk kan gjennom denne lanseringa glede seg over opptak av mange ulike utøvarar over eit langt tidsrom. Dette er materiale av generelt høg kulturhistorisk verdi, med også heilt unike opptak. Det er på høg tid å tilgjengeleggjera dette, og me er glade for å kunne gjere det fritt, og håpar at det vil bli til glede for mange. Me håpar også at stadig tilvekst vil generere ytterlegare bruk av nettsida over tid.
Så på laurdag treng du ikkje kjøpe laurdagsgodt, set deg heller ned og nyt kvelden med unike folkemusikkopptak som før har vore utilgjengeleg for ålmenta. Søk opp https://aalbygdearkiv.locloudhosting.net/ , len deg attene og lytt til den unike kulturhistoria vår!