Kraftkarar

Thorkel Oppheimshaugen var med i Krigen mod Sverige. Han var umaatelig stærk. Engang hadde de været madlause i dagevis. Kapteinen fik da Thorkild til aa tage en Mand paa Ækslen og vade over Elven for paa en Gaard og faa Mad. Paa hin Side stod Folk og saa paa, for det var et fælt Syn, da Elven var stor. Men Thorkel greide det. De blæv gjævt modtagne paa Gaarden, og da de skulde tilbage,fik de med saamegen Mad, som man kunde faa læsset paa dem, og atter bar Thorkel alt over Elven. Du skal heite Thorkel Hest, for du er stærkere end nogen hest, sagde Kapteinen. Og fra den Dag kaldtes han altid Thorkel Hest.

Nu 7. oktober 1902





TRULSEGUTEN frå Ål kom ein gong til Lærdal i eit gjestebod på ein gard der, og Trulseguten gjekk ubeden. Brudgomen sa, dei vilde gjerne ha traktera honom med mat og drykk, men det var kome tvo alkefantar og slåstkjempor der, og desse hadde jaga heile brudlaupslyden på dør og held no hus med mat og drykk åleine. 
       Men Truleguten var kje skuggeredd, han gjekk inn. Med det same fôr slåstkjempone på han og det vart harde tak, men det var dei som måtte ut, inkje han. Dei larka avgarde skjemde og skamfulle or brydlaupsgarden. Då ropa Trulseguten ut på tunet til brudlaupslyden: "Kom inn att, godt folk, dei vart te sinns å reise att dessa karadn!"
     Truleseguten vart gjest der so lenge brudlaupet varde.

And. Mehlum: Hallingdal og hallingen



HOUGERU'N budde i Hougeru i Aal. Han va slaastkjempe. Ai gaang tura'n i Sundre-galo, full aa galen. Han gjikk ifraa gal te gal, aa kor 'n kom so jaga 'n ut faalke i huse. Te slutte drog 'n nolover vegen mæ bann aa staag. Daa 'n kom upp i Huussvingen (dæ va faar ell aalmanvegen vart bygd) daa møtte 'n ain liten kar. Dæ saag ut te vera ain litn gjæslegut. Dene vesle kar'n baau dragast mæ Hougerue. Aa dæ bar i hop mæ dai. Men guten tok Hougeru'n aa kasta'n neaaver bakkjin. Sea tok'n 'n att aa kasta 'n utaaver ai ufs. Daa belja 'n i mæ ain stygg skræl, gutn, aa sa: "Hæhæhæ! du rauk no, Hougagalten!"
    Hougeru'n va liggjande der te dæ kom folk aa hjaalpte o haim. Men smaakaren han hadde drigjest mæ, dæ va nok sjaalve styggen dæ.
    Hougeru'n va knekt aa helselaus ette desaa dragsmaale.
 
Dølaminne 3-4/1926



LARS A. STAVE 
var med i krigen 1807-14.Han budde paa Stave. Lars skulde vore so umageleg sterk. Ein gong var det fem vaksne karar um han for aa slite han laus fraa ein stople. Men dei greidde det ikkje.
Um det hende at lasset gjekk ut for vegen naar han var ute og køyrde, og hesten ikkje tok lasset att, so spente han berre hesten fraa og sdrog lasset sjølv paa vegen att.
Tidleg ein morgon ved joletider reiste han langt burtpaa vestaasen etter kjervelauv; men han kom ikkje att den dagen. Kjeringi hans fekk daa folk til aa leite etter han. Daa dei kom burtpaa aasen, var han komen mest innaat lauvstokken; men daa hadde han drive og moka snø mest heile natti. Han vil de ikkje gjeva seg. Mat hadde han ikkje med seg.
Lars var gut som var godt vaksen. Ikkje høg av vokster, men herdebreid og tjukkfallen, lang rygg og stutte legger; fortel ein gamall mann som minnest han.
 
Dølaminne 2-3/1921